Sommaraktiv Sande – E-Sport Camp

Sande E-Sport skal i samarbeid med Sande kommune arrangere E-Sport camp i sommarferien. Alle i Sande kommune som er mellom 3. klasse (kull 2012) og 18 år (kull 2003) kan søkje plass. Vi er så heldige å få låne PCar med Tussa, og kan difor tilby spesialtrening i fleire ulike spel. Vi har eit samarbeid med Metizport og Volda E-Sport der vi får inn dyktige instruktørar frå dei. Så her har du sjansen til å få lære deg eit nytt spel, eller verte betre i eit du alt har prøvd.

Vi kjem til å organisere aktiviteten i ulike grupper, basert på påmeldingar. I utgangspunktet vert det to grupper per veke, der eine gruppa held på frå kl 9 til kl 15, og den andre frå kl 16 til kl 22. Det er tenkt at det er eitt spel pr gruppe pr veke, dette for å få tid til å gå litt i djupna. Det vert servert mat undervegs, og det vert også lagt opp til litt fysisk aktivitet inn i mellom spelinga. Vi skal halde til på Larsnes skule, og området rundt der. Deltakarane må sjølve ordne skyss til og frå, elles er alt anna gratis. Vi har sett opp veke 26-27-28-29 som aktuelle veker. Det vert ikkje full aktivitet alle vekene, det vert tilpassa alt etter påmelding. Når du melder deg på, gir du eit signal om kva veke du kan tenkje deg å vere med; og kva spel du har lyst å lære meir om.

Vi vil så snart som påmeldingane er komne inn, gi tilbakemelding på når du har fått plass. Det er fullt mogleg å melde seg på fleire grupper; men du får delta på fleire grupper berre dersom det er ledig plass. Så her er det berre å melde seg på, vi er klar! NB: Det er ope for at born under aldersgrenser på spel kan få delta, men då må vi ha samtykke frå foreldre. Til dømes om ein 10-åring vil delta på Fortnite opplæring.

Her er det berre å melde seg på, og vi ser fram til mykje e-sport morro!

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål:
E-post: e-sport@larsnes-il.no
Tlf: Håkon Vestnes / 957 80 353