Romjulsquiz onsdag 29. des

Larsnes IL skulle arrangere vår tradisjonelle romjulsquiz på Breidablik. Gjeldande smittevernsreglar tilseier at det diverre ikkje er råd å gjennomføre. Difor køyrer vi i gong med digital quiz, slik vi har gjort nokre gongar før. Du finn sendinga ved å klikke på biletet under, eller gå inn på Sande NettSyn sin YouTube kanal.

Opplegget er enkelt; Trond og Margunn serverar spørsmål direkte på nett, og du sit heime og leverar inn svara der. Du kan vere åleine, eller saman med andre. Sidan det ikkje er råd å kontrollere om nokon brukar google, så vil tempoet i quizen vere relativt høgt. Vi vil ikkje ta oppigjen spørsmål, og det vert relativt kort tid å svare på. Så det kan vere nyttig å notere ned spørsmåla undervegs.

Svararka vil verte tilgjengelege her på sida når sendinga byrjar.

Quizen er ein av aktivitetane Larsnes IL har som er med å finansiere vår aktivitet. Vi har vurdert ulike betalingsløysingar for deltaking på quizen, men ser at dette truleg vil skape for stor barriere for deltakarane. Vi vonar difor så mange som råd vil vere med å vippse ei frivillig påmeldingsavgift. Bruk gjerne 100 kr pr deltakar som utgangspunkt. Vi har inga nedre eller øvre grense, og alle bidrag vert motteke med takk!

Sendinga byrjar kl 20:00, og vi reknar med å halde på omlag eit par timar. Det er berre å kvesse blyanten og gjere seg klar til romjulsquiz!