Årsmøte gjennomført

Søndag 6. mars heldt Larsnes IL årsmøte i klubblokala på loftet i Larsneshallen. Aktiviteten i idrettslaget er stor, og sjølv om 2021 var eit år prega av pandemi var det mykje aktivitet i laget. Alle gruppene ser fram til ein meir normal kvardag i 2022, og det er gledeleg å sjå at laget står seg godt både økonomisk og tal på aktive og medlemar.

Ekstra kjekt å kunne gjere stas på tillitsvalde som har lagt ned ein årelang innsats. For 2021 fekk fylgjande tillitsvalde utmerking:

  • 5 år: Stine Sætre og Marta Elise Baade
  • 10 år: Kolbjørn Kvalen
  • 20 år: Heidi Skoge
  • 25 år: Aadne Sandanger

Kolbjørn og Aadne var tilstade på årsmøte, dei andre får merksemda overlevert ved anna høve.

Årsmeldinga for 2021 er no lagt ut i vårt digitale historiske arkiv, og du finn den ved å gå inn her.

Takk for 2021, og ynskjer alle grupper og aktive eit godt 2022.