Som en del av resertifiseringa til kvalitetsklubb har Larsnes IL Fotball
saman med resten av idrettslaget i 2022 jobba med eit prosjekt retta mot
frivilligheit og inkludering. Målet er å få med oss enda fleire i
frivillig arbeid i idrettslaget.
I samarbeid med fotballkretsen bestemte vi oss for å lage ei
informasjonsbrosjyre som skulle presentere idrettslaget med fokus på
dette med frivilligheit. Vi bestemte oss for å gjere dette på ulike
språk for å nå ut til flest mulig. Gjennom året har vi jpbba med
innhaldet, oversettingar og design, og resultatet ser de her. Det kjem
også i postkassene saman med LIL-posten.
Håper dette kan bidra til at alle får litt meir forståelse for kva
idrettslaget er og korleis vi jobbar. Håpar også at det vil bidra til at
litt fleire får lyst å seie ja om det kjem spørsmål om å bidra. Vi vil
gjerne ha dokke med på laget, og som de ser i brosjyra har vi eit breidt
tilbod, så her er noko for alle og einkvar.