På trass av mykje snø og vintervêr var det godt oppmøte på årsmøte tysdag 14. mars.
Årsmøtet gjekk gjennom ei fyldig årsmelding, som viser svært stor aktivitet i laget. Alle gruppene har god oppslutnad, og eit stort tal barn og unge har tilbod gjennom idrettslaget. Seinar år har det også vorte meir og meir fokus på å tilby aktivitet for vaksne – og gjennom løpegruppe, trimgruppe, seniorfotball med meir har ein lukkast med det.
Idrettslaget har god økonomi, og det trengst når ein ser framover i fleire spanande prosjekt. Mellom anna fotballhall og gapahuk ved Vardevegen.
Årsmøtet er eit viktig møtepunkt for medlemane i laget, her kan alle seie si røyst. Mellom anna vart det fremja “benkeforslag” om at klubbhuset bør målast gult – i laget sine fargar. Det er berre å fylge med på stadion utover våren og sjå om det gjekk gjennom eller ikkje.
Takk for all innsats i 2022 – og vi ser fram til eit minst like aktiv år i 2023!
Årsmeldinga ligg no ute i det historiske arkivet, og du finn den her: