Heider for 30 år som tillitsvalde

På årsmøtet 14. mars fekk Bård og Rasmus utdelt heider for 30 år som tillitsvalde i LIL. Dei to har lagt ned ein framifrå innsats gjennom fleire tiår – og vi set umåteleg stor pris på deira engasjement. Begge to er framleis svært aktive i idrettslaget, og vi har alt byrja å planlegge 40 års markering!

Karl Artur hadde leitt litt i historiene i samband med utdelinga, og her gjengir vi det han fann:

Idrettslaget vil hedre to trufaste tjenarar som har hatt tillitsverv i 30 år- det har ikkje skjedd før her, i alle fall ikkje i moderne historie. Denne historie startar før mi tid så eg har måtte dykka litt i arkivet for å få det heile bildet, eller i alle fall meir av bildet enn eg har sett før.

Begge har vore aktive i veldig monge år, i følge kjelder så har Rasmus vore aktiv sidan 1967, og var leiar allereide i 1978 og 79. Dette er henta frå «Formannen har ordet» i LIL-posten frå 1978: «Idrottslaget sine menn og kvinner er ikkje spesielt rett-truande, rett-tenkande eller spesielt avhaldande. Dei er rett og slett eit gjennomsnitt av folket, på godt og vondt.»

Rasmus er, og har vore, ei potet som har vore med på alt. Årsmeldinga for 1979 viser akkurat dette. Formann i idrettslaget, formann i gammaldanslaget, ansvarleg i banenemda saman med Bård, del av kulturnemda, med i revygruppa samt oppmann for både guttelaget og småguttelaget i fotball. Så står det også under fotball: «Då det ser ut til å bli svært stor aktivitet i fotball, valde årsmøtet eigen fotballformann. Det vart: Rasmus Ekroll.» Så då vart han formann i den gruppa også for sikkerhets skuld. Og i dette fotballstyret satt du saman med Bård og Gunn-Eli i 1984, og årsmeldinga for dette året er litt interessant, her står det: «Gruppestyret har hatt 15 møter. På desse møta har vi prøvd å få gruppa til å fungere. I nokre saker har det gått bra og i andre saker mindre bra eller direkte dårleg.»

Men alt i alt så trur eg det har gått sann rimeleg greitt i alle disse åra. I tillegg til alle verva har du også vore særs aktiv som spelar – og fekk endeleg kamp nr. 300 i ein alder av 71, det er ikkje verst…

For å forstå kva Bård har betydd for LIL, så vil eg ta fram LIL-posten frå 1998 der det står:

«Sommaren 1983 stod ein gjeng larsnesingar rundt eit bord i dansesalen på hotell Alexandra i Loen. Det var midnatt, stemninga og musikken var høg. Der og då heva vi våre stemmer og våre glas under mottoet: «Vi kan bli betre!» Rundt bordet var samla mange av dei som i dei neste 10-15 åra skulle vere dominerande i Larsnes IL. Det var Bård Dalen som førte an, noko han skulle halde fram med resten av tiåret. Han var nyleg heimvend frå Sogndal, med vyer og vilje til å ta i eit tak.
Byrjinga av 80-talet markerer på mange måtar opptakta til ein periode der laget utvikla seg til å verte den dominerande krafta på sørsida av Drageskaret. På dette tidspunktet vende ein del eldsjeler heim frå utlægd, ferdige med skulegang, og villige til å slå seg ned her for å ta eit tak. Rasmus Ekroll, Bård Dalen og Trond Torset må her nemnast.
På årsmøtet 5.11.84 vart Bård vald til formann i laget, eit verv han hadde i 6 år. På første styremøtet hans vart det gjort nokre strategiske endringar som i ettertid har vist seg å vere gull verd, blant anna at gruppene i laget fekk eigne kontoar og råderett over eigen økonomi. Dette er eit av dei viktigaste administrative vedtaka i laget si historie utanom stiftinga. Det førte til ei omsetningsauke på 800% i løpet av 5 år, og gav grunnlag for anleggsutbygginga og auka sportsleg satsing.»

Så det var grunnlaget for slik vi er organiserte i dag, noko vi må seie har fungert og fungerer bra, noko aktiviteten no til dags vitnar om. Bård gjorde comeback som leiar i 2019, og det er utruleg sytalaust for oss andre i hovedstyret å ha en slik bauta å skulde på.

Både Rasmus og Bård er sjølsagt æresmedlemmar i LIL, Rasmus vart utnemd i 93 og Bård i 98. Dokke to har stått på i alle viktige utbyggingar i LIL sin regi; Larsnes stadion som nr.1, hallen, badehuset og no sist Vardevegen. Det må ha gått med ufatteleg monge dugnadstimar og det viser igjen i landsbybildet i dag. Idrettslaget hadde ikkje sett slik ut i dag uten dokke, og landsbyen vår hadde heller ikkje vore den same. Dokke har rett og slett vore ein uvurderlig ressurs i fleire tiår, og måtte det vare i fleire tiår til. Takk for innsatsen so longt, gutar!

Begge to fekk utdelt eit lommeur gravert med LIL 30 år. Tusen takk for innsatsen!