Hausten kjem, og vi har lagt plan for E-Sport sesongen 2023/24. Her er litt informasjon:
CS2 – Seniorlag
Herman og Ludvik er lagleiarar for dette laget, og vi er spent på kva dei får til i den nye versjonen av det populære spelet. 🙂 Berre å fylge med..
CS2/Valorant – Juniorlag
Vi ynskjer å opprette eit juniorlag i CS2/Valorant. Vi er opne for begge spela, og vil sjå litt kva interesse som er. Herman og Ludvik vil vere trenarar og lagleiarar. Det vert fast trening annankvar veke på Kroa, og eventuelt meir etter behov. Vi set ungdomsskule som minimum aldersgrense, men foreldre må gi aksept på at ungdomane spelar spel som er under generell aldersgrense. Treningsdag er i utgangspunktet sett til onsdag 18-20, men her kan det verte tilpassingar når ein ser kven som melder seg på.
Jentegaming
Vi har fått ein del innspel på at her er jenter som ynskjer å starte eige jentelag. Det vil vi sjølvsagt gjere noko med, og inviterer hermed til det! Det vert fast trening annankvar veke på Kroa, og eventuelt meir etter behov. Herman vil vere lead-couch, og det vil vere mogleg å trene på ulike spel; men primært på PC. Dette er eit tilbod til jenter frå og med 8. klasse. Treningsdag er i utgangspunktet onsdagar 18-20 (motsett veke av CS2 – juniorlag).
Aspirantgaming
Måndagar kl 18-20 vert det aspirantgaming. Dette er eit tilbod for 4.-7. klasse, og her vil det vere ulike spel å trene i. Det vil vere mogleg å spele både konsoll og PC. Vi vil ha fokus på å utvikle ferdigheiter i spel, med mål om å delta i turneringar. Vi er opne for fleire spel, og dette vil trenar Ludvik justere når ein ser påmeldinga.
Generell informasjon
Felles for alle gruppene er at vi siktar mot å delta i Sunnmørsligaen, og evt andre turneringar nær og fjern. Herman jobbar med draktdesign, og vi håpar å få dei på plass i løpet av hausten. Det vert lagt ut ei avstemming der du kan melde deg på eit eller fleire av laga. Så berre å hive seg rundt. 🙂 Elles jobbar vi også med å starte oppatt ungdomsklubben, og kjem med meir informasjon om det om ikkje så lenge.
Har du lyst å vere med på eit av laga? Då er det berre å søke opp gruppa vår på Spond (NDEFJ) og melde seg på. 🙂 Treningsavgifta er 150 kr/halvår, i tillegg til at ein må vere medlem i Larsnes IL.