Tekst: Håkon Vestnes, Foto: Håkon Vestnes/Ludvik Brune Leikanger
Laurdag 21. oktober var det 85 års jubileumsfeiring i idrettslaget. Stor stas å kunne heidre tillitsvalde, utnemne nye æresmedlemar, og kose oss med prat svært god mat og dans. Fleire nemner at ein liknande fest gjerne kan verte ein årviss tradisjon.

Oppskrifta på ein god årsfest er program, mat, prat, og dans. Festleiar Bård Dalen tok publikum med å på ei tidsreise frå stiftinga i 1938, og fram til i dag. Det har vore fleire endringar, både i kven som driv med idrett, kva slags idrettar ein har hatt, og korleis organiseringa har vore. Fellesnemnaren gjennom alle desse åra har vore dugnad, og utan den hadde idrettslaget aldri kunne eksistert.
Ordførar Dag Vaagen bar fram helsing frå Sande kommune, og imponerte med å hugse fleire av friidrettstidene til Stig Rekdal som i si tid vann NM i fleire øvingar. Den nyvalde ordføraren streka under viktigheita av å ha eit godt samarbeid mellom kommunen og idrettslaga, spesielt med tanke på å realisere gode anleggsprosjekt i fellesskap.
Ein av grunnane til at det det vart skipa til fest, var utdeling av heidersmerke til tillitsvalde. Larsnes IL er heldige så har så mange som stiller opp for laget, gjennom å ta på seg tillitsverv. Det vart delt ut merke for 5 år, 10 år, 15 år, 20 år, 25 år og 30 år! Ein fin bukett med frivillige, som fekk tildelt Larsnes IL sin nye plakett for heider til tillitsvalde.

Heidringa på festen var ei oppsamling over dei som skulle hatt tildelt heider dei tre siste åra. Fylgjande tillitsvalde vart heidra på festen: (Ikkje alle kunne møte)
2021
5 år
Stine Sætre
Marta Elise Baade
10 år
Kolbjørn Kvalen
20 år
Heidi Skoge
25år
Aadne Sandanger
2022
5 år
John Magne Gjerde
Anders Støylen
Elisabeth Sunde
Elisabeth Nupen
Siri Berntsen Gjerde
Karsten Slettestøl
20 år
Jarle Gunnarstein
30 år
Bård Dalen
Rasmus Ekroll
2023
5 år
Marita Vattøy Guldbrandsen
Marte Hansen
Oskar Rekdal
Ingrid Ristesund
Karen Marie Ekroll
15 år
Torill Urkedal
Thomas Oksavik
20 år
Tobben Rekdal
For tre av dei tillitsvalde vart kvelden ekstra spesiell, då dei vart utnemnde til æresmedlemar i Larsnes IL. Heidi Torset Skoge, Aadne Sandanger, og Torbjørn «Tobben» Rekdal vart utnemnde til æresmedlemar i laget. Dette er ei utnemning som ligg høgt, og vert gitt til dei som over svært lang tid har lagt ned ein stor innsats for laget. Dei tre som fekk utdelt heideren, har gjort akkurat det. Aadne og Tobben har vore sentrale i fotballgruppa gjennom mange år, både som aktive, trenarar, oppmenn og i styret. Heidi har vore innom det aller meste av grupper i idrettslaget, og har vore styremedlem, aktiv og trenar innan friidrett, handball, idrettsskule, anlegg og fotball. Fellesnemnaren for alle tre er at dei er JA-menneske og har lagt ned ein innsats langt ut over det ein kan forvente.

Etter den formelle delen av programmet, var det klart for festbord. Her var det også dugnad, og Mathias Gjerde la ned ein kjempeinnsats som kokk for kvelden. Svært god mat, og kjempeflott stemning under middagen.
Programmet var ikkje over, og etter middag vart det meir underhalding. Her var det gjensyn med historiske foto, samankopla med stepping frå Herman Brune Leikanger. Øystein og Asle leia publikum gjennom allsongen «Heia, heia, heia Larsnes». Ein supportarsong som kom i bruk på slutten av 80-talet, og har vore mykje brukt sidan den gong. Det er ikkje alle idrettslag som har eit kor som dei nesten kan kalle sitt eige; «Mandskoret Solblik» har sunge på mange års- og jubileumsfestar, og dei var sjølvsagt inviterte. Med nykomponert jubileumsvise og gamle klassikarar vart det som alltid ein stor suksess. Prisdrysset denne kvelden var ikkje over, og til stor overrasking for koret fekk dei tildelt Larsnes IL sin kulturpris – den fyrste i sitt slag. Koret takka med å synge to flotte ekstranummer.

I samband med ein revy på Larsnes i 2007 produserte Mathias Gjerde, Håkon Vestnes og Kari Grønnevik ein kortfilm om «Dråsjekarl». Denne vart leitt fram igjen til stor begeistring frå publikum. Begeistringa varte også vidare då det vart klar for urframføring av ei ny supportarsong. Aadne Sandanger har skrive ny tekst til den velkjende «Optimist», og på scena hadde han med seg Laila og Peter Fjørtoft Sandanger, Ane Hammer Rekdal, og Silje Oksavik Vestnes. Songen er også spelt inn, og vil verte spelt av over speakeranlegget på kampar framover.
Avslutningsvis var det klart for LIL-Hymnen. Til tonefylgje av Pump and Circumstanses, vart det blåse opp ballongar, blese i festfløyter og vaia med Larsnes IL flagg. Allsongen og stemning stod til 20 i stil – det gjor også kakebordet etterpå!
Til slutt kunne festlyden kose seg med dans til det relativt nyoppstarta lokale bandet «Øye Brannstasjon». Oppsummert ein fantastisk flott kveld, og alle var einige i at dette måtte verte ein årleg tradisjon. Kanskje ikkje jubileumsfeiring kvart år, men ein skikkeleg årsfest.