Sande E-Sport inviterer til Sunnmørsligafinale

Laurdag 16. desember vert det årsfinale i Sunnmørsligaen på Landsbyhuset Breidbalik på Larsnes. Dette er ein liga for lokale e-sport klubar, og vi har hatt fleire treff gjennom året. Metizport er hovudpådrivar, og Sparebanken Møre er med som sponsor.

Vi riggar til med PCar på scena, og fleire spelstasjonar i salen. Det vert også kiosk. Her er det berre å melde seg på, og byrje å gle seg!

Arrangementet er ope for publikum, og vi håpar fleire vil ta ein tur å sjå korleis eit e-sport arrangement går føre seg. Planen for dagen er:
Fortnite – Turnering mellom kl 10-13. Finale ca kl 18:30
Counterstrike 2 – Turnering mellom kl 13-18. Finale ca kl 20:00
FC24 – Turnering mellom kl 12-14:30. Finale ca kl 17:30
Super Smash Bros – Turnering mellom kl 12-15. Finale ca kl 18:00

Det er ikkje krav til noko medlemsskap nokon stad for å delta, her er det berre å melde seg på for den som vil. Fine pengepremiar sponsa av Sparebanken Møre i alle spel! Scan QR-kodene på plakat, og meld deg på. Eller du kan trykke på linkande under for meir info og påmelding: