Søndag var det igjen klart for kick off for årets fotballsesong. Fotballgruppa inviterte til samling i Larsneshallen med leik, moro, utdelinga av drakter, frukt og slush! For sesongen 2024 er det rundt 100 aktive med aldersspenn frå 6-åringar til senior, og totalt er det påmeldt 11 lag i serie og miniturneringar.

Alle borna er spenn klar for ein ny sesong, og det er eit stort tal kampar og treningar som skal gjennomførast den komande sesongen. Det er eit stort apparat med trenarar, oppmenn, fair-play-ansvarlege, dugnadsansvarlege ++ som står bak denne herlege gjengen med barn og unge. Eit stort dugnadsarbeid vert lagt net, og er heilt avgjerande for at klubbar som Larsnes IL skal kunne halde i gong aktiviteten.
Vi ynskjer alle lukke til med sesongen, og vi gler oss til mykje fotballmoro!

