
Larsnes helselag har no drive treffpunktet sidan april 2022, og feirer dermed i desse dagar 2-års jubileum. Dette er ein heilt uformell treffstad, der kaffi, vafler og ein god prat står på menyen. Arrangementet er ope for alle som har lyst å ta ein tur, og det er ein god gjeng som møtest kvar onsdag kl 11-14.
Overskotet frå salet har gått til drift av ungdomsklubben som idrettslaget og e-sport gruppa har drive. I 2023 vart det ein fin netto på tett på 20 000 kr. Det er pengar som kjem godt med i drifta av klubben!
Treffpunktet var på kroa fram til ungdomsklubben flytta ut i desember i 2023. Frå januar har helselaget opna dørene på klubbloftet i Larsneshallen. Her er det lyst og triveleg, og god plass til alle som vil ta ein tur.
Det er berre å ta deg ein tur onsdagar kl 11, om du er ung eller gamal spelar inga rolle – det er ope for alle!
