Søndag 15. mars vart det heldt årsmøte i Larsnes IL. Godt oppmøte på klubbloftet, og god stemning. Fleire viktige saker vart presentert; mellom anna oppstart av ungdomsklubb og formalitetar kring bygging av fotballhall.

Økonomien til Larsnes IL har seinare åra fått eit stort lyft etter godt sponsorarbeid. I tillegg har LIL gode inntekter frå ulike arrangement i landsbyen. Dette har gjort at ein har ein god grunnkapital til å realisere fotballhallen. Verken kontrollutvalet eller revisor hadde noko å påpeike i drifta av idrettslaget.

Leiar Bård Dalen og økonomisjef Karl Artur Vasstrand losa dei frammøtte trygt gjennom årsmøte. Årsmeldingane frå gruppene viser høg aktivitet i alle ledd, og mange barn og unge har eit godt tilbod i idrettslaget. Samarbeid med andre lag vert viktig i framtida, og det vart mellom anna vist til dei gode erfaringane turngruppa har gjort med å etablere Larsnes/Gursken turn – eit samarbeid som har gjort det mogleg å halde aktiviteten i gong i alle parti. Ved å samarbeide vert det enklare å finne frivillige til både trenarverv og andre verv i laget.
Ekstra stor stas at det er svært mange som tek gjenval i ulike tillitsverv. Det gjer at ein sikrar stabil og god kontinuitet i drifta av laget.
Årsmeldinga for 2025, og for alle år heilt tilbake til 1976, kan du finne i vårt historiske arkiv: