Allidrett har som mål å gje eit tilbod om variert fysisk aktivitet til born og unge i alderen 5-13 år i Sande kommune. I Larsnes IL sin strategiplan har allidrett som mål å gje born frå førskule til 7. klasse eit tilbod der dei får moglegheit til å prøve ut nye aktivitetar og idrettar.
Aktivitetane borna får prøve seg på er mellom andre:
- Klatring
- Go-Cart
- Skyting
- Hesteriding
Symjeundervisning er ein viktig del av allidretten, og den føregår på Sunnmørsbadet i Fosnavåg.