E-Sport

Sande E-Sport er Larsnes Idrottslag si E-Sport gruppe. Gruppa vart starta i 2020, og har kome godt i gong med aktiviteten.

Så langt er vi over 60 medlemar, og endå fleire kjem til. Vi organiserer aktiviteten i gamingkveldar for barneskulealder (3.-7. klasse), og LAN-samlingar for 7. klasse og oppover.

Fyrste Pokémon Go tur.

Kvar søndag prøvar vi å gå ein tur rundt på Larsnes og fange Pokémon. Så langt har vi fanga mange av dei artige skapningane, og endå fleire skal det verte.