Fotballgruppa har i 2021 nærmare 80 aktive born og ungdommar fordelt på 8 aldersbestemte lag. I tillegg har vi påmeldt eit seniorlag 7-er. Vi har også nærmare 20 trenarar i sving på desse laga, samt lagleiarar, fair-play kontakter og dugnadsansvarlige.
Fotballgruppa har som mål å gi eit godt fotballtilbod til alle som ynskjer det på Larsnes. Vi er sertifisert kvalitetsklubb sidan 2015, og vart i 2019 kåra til årets kvalitetsklubb på Sunnmøre. Vi jobbar for at flest mulig skal holde på lengst mulig med fotball. Samtidig så ynskjer vi å ha spelarar med på satelittsamlingar og kretslag.
Vi jobber også med å kurse trenarar, leiarar og dommarar slik at vi alltid har god kompetanse på dei områda. Om du har spørsmål eller ynskjer å kome i kontakt med oss i fotballgruppa er det berre å sende e-post eller ringe til en av oss i styret.