Trimgruppa har fleire aktivitetar, med fjelltrim som hovudaktivitet. Det har vore lagt ned ein enorm innsats i å merke og legge til rette stiar på fjella i nærområdet vårt.

Løpegruppa er også ein del av trimgruppa. Desse har fast treningstid kvar onsdag, og det er berre å hive seg med. Søk opp gruppa på Spond: VYYIH.
Eit heilt nytt tiltak er lavvo i Nupen. Meir informasjon om dette kjem etterkvart.